Som ein dråpe blekk i eit glas vatn.

Kreativ bruk av digitale verktøy i barnehagen.
Kommunen sitt praktiske arbeid med digital satsing for barnehageområdet.

Sesjonen er spesielt retta mot leiarar på alle nivå  knytt til barnehage og oppvekst. 

Giske kommune deler erfaringar med kreativ bruk av digitale verktøy for tilsette og barn i barnehagen. Arbeidet har tatt utgangspunkt i kartlegging av kompetanse, innkjøp av utstyr, utarbeiding av strategi, nettverksbygging og kompetansebygging gjennom etablerte og nokre nye møtepunkt. Vi deler korleis vi har arbeidd i personalet, i leiargruppene, i administrasjonen, i regionen og i barnegruppene. Vi viser døme frå kursing, workshops, overgang mellom barnehage og skule, utprøving av verktøy, metodikk, feiling, deling og det vi meiner er gevinst av arbeidet.

Heidi Bostad Roaldsand
Utdanna lektor i kunstfag med 15 års undervisningspraksis frå grunnskule og kulturskule, samt 7 år som rådgivar for barnehageområdet i kommuneadministrasjonen i Giske. Har vidareutdanning i Barnehagemyndigheit, Innovasjon og kompetansebygging, og er i gang med rektorskule. 
Cecilie Holen
Utdanna førskulelærer med 10 års erfaring som pedagogisk leiar og 12 år som styrar. Sidan hausten 2018 har ho vore tilsett som rådgivar for barnehageområdet i Giske kommune. Har også mentorutdanning og styrarutdanning.